Vevringutstillinga sidan 1979 |
||
Livet er friare utom tunnelen! av Arvid Pettersen, Biletkunstnar/professor Vad är grejen med Vevringutställningen? av Petter Öhnell Vevringudstillingen - et mødested av Sofie Hermansen Rasmussen
Jakob Thingnes skriver i Vevring og kunsten:På 1970-talet var det ikkje uvanleg at kunstnarar gjesta Vevring, og då mest i samband med at Svein Thingnes var verksam der som keramikar. Det er her ein må søkje kimen til Vevringutstillinga. Då danske Annette Holdensen kom dit i 1978 hadde ho alt fleire tidlegare besøk bak seg. Under dette opphaldet vov ho eit teppe som ho kalla Vevring. Teppet vart mellombels hangande att på garden Myra då Annette reiste. I januar 1979 skulle teppet med på utstillinga ”4 Danske Billedvævere” i Kunstindustrimuseet i Oslo. Denne utstillinga gjekk seinare til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim og Kunstindustri- museet i København.
I Vevring fanst Gerd Thingnes og Sarah Thingnes som gjerne ville sett utstillinga i Oslo, men dei fekk ikkje høve til å kome seg dit. Teppet vart sendt i veg med ein førespurnad om dei ikkje kunne kome til Vevring med utstillinga si. Men utstillarane hadde ikkje tru på eit slikt tiltak. Ein kollega til Annette, Jane Balsgaard, kom til Vev- ring denne sommaren. Då vart spørsmålet om utstil- ling reist på nytt. Jane tok kontakt med Annette og saman kom dei til at dei fekk prøve. Annette fekk med seg ein til av dei fire, Anne Bjørn. Britt Smelvær, med røter i Sunnfjord var sjølvskriven som utstillar, men hadde ikkje høve til å vere til stades under utstillinga.
Jane Balsgaard, 1999:”Det var den første høstutstilling i Vevring. Vi kom mest av opplevelsestrang. Sejlede om natten, kørte gennem to dale og over to fjelle og ankom sent om aftenen til en bygd der arrangerede fernisering fleire dager inden åbningen.
|
|